Grøne fingrar

Vandrar langs vegen i bygda vår,
Ser korleis folk plantar og sår.
Med revo i veret frå vår og til haust,
Dei snur og vender på alt som er laust.

Tallause turar til plantasjeutsalg,
Der spring dei rundt og gjer sine valg.
Klimates, Georginer og Hawaiirose,
Liljer, Surfi ner og mold i pose.

Hagabord og stolar med plass til ti,
So ingen har tid til å sitja i.
Stauder, Tuja og minst ein Sypress,
Hagalivet må vera eit fælande stress.

Plenar da er ein forunderleg ting,
folk om kapp med klypparen spring.
Graset får aldri stå i fred,
så snart da veks opp slår dei da ned.

Folk får premie for dei gjevast hagar,
da er lønna for strevet og lange dagar.
Ser attende på mangt eit sveittatak,
Bleike i trynet og solbrend der bak.

Grøne fingrar
Teikning: Oddrun Hatlevik