Tiggaren

Langsmed Kulturhuset Peder`n vandra,
paraplyen var langtifrå tett.
Han tenkte på da eine og da andra,
hadde nett kjøpt parkeringsbillett.

Då vart han av ei ungjenta praia.
Han stogga, men var litt i stuss.
Med ein kjeft so ein forvaksen piraya
ho tigga om pengar til buss.

Ho sto der med nytend sigarett
og frekt på busspengar venta.
Men Peder`n sa dessverre og rett og slett
at her var da kje pengar å henta.

Ho fauk opp i rasande sinne,
til helheimen han lukst måtte fara,
og brenna i evig eld der inne,
han visste kje kva han sku svara.

Ho freste med ugudelege vilkattehyl
og meinte han sku pengar finna.
Ho burde ha fått seg ein omgang pryl,
Men han kunne kje slå ei kvinna.

Da var synd at tiggaren ikkje var mann,
då kunne han fått vindskjeive nasa,
for Peder`n hadde steinharde arbeidsnevar han,
so lett kunne tanngarden krasa.


Teikning: Oddrun Hatlevik