Gassferjer

Da er fælt å sjå korleis dei i Sandvikvåg herja,
berre for å få ei raskare ferja.
Ei ferja med ”Wickmann” er kje lenger noko stas,
no er da ut med diesel og ìn med gas.

Kvifor skal ferjeturen gå so snart,
vert da trivelegare med høgare fart?
Ein avslappa sjøtur er da so folk treng,
og ikkje lesa aviso og eta på spreng.

Rederiet vil nytta suppleringsgass
du veit den folk slepp or seg på dass.
Ei røyr plassert under kvart eit sete
vil auka farten dess meir ein ete.

So spørs da kva kjøkkenet har å servera,
da vil nok ha litt med farten å gjera.
Torsdagen vert vel den raskaste dagen
med komla, saltkjøt og erter i magen.

Ferjene so skal gå til og frå Stord`n
vert neppe noko vakkert syn på fjorden.
Ein kan jo kalla dei Prompen og Fjerten,
og kanskje vil da stå Liberia i stjerten.

Gassferjer
Teikning: Oddrun Hatlevik