Fitjar postkontor

Ein framandkar kom til Fitjar med bussen,
Da e ikkje noko sjeldent syn.
Litt stivbeint og støl i stussen
gjekk han til posten for å ta ut gryn.

Han stogga i døra, forvirra han vart,
Da var kje å undrast på.
Han såg reol på reol med litt av kvart,
det var nesten ikkje plass til å gå.

Her stod heile serien med Olsenbanden,
Harry Potter og Fjols til fjells.
Knalltilbud på 007 og vestlandsfanden,
og halv pris på saugaskinnspels.

Da var tøysko, herre og damestøvlettar,
tulipanar og roser på stilk.
Ein kasse med gamle Sputnikkassettar,
motorsag og svenskepilk.

Damo i luko sa versogod,
Ho kvakk då han høyrde hennar røyst.
” I dag har me tilbod på innesko,
Då tenkjer eg problemet ditt er løyst.”

Mannen sa da var pengar han vanta,
her kunne han vel ta dei ut.
Du får kun pengar hvis du flasker har å panta,
då må dei ha påskrudde tut.

Forresten ser du den raudgule bilen
So tvers øve gato står?
Eg ser du trekkjer på smilen
men der sel dei Vossafår.

Fitjar postkontor
Teikning: Oddrunn Hatlevik