Januarsalg

Da lir ut i januar måne,
Butikkane dei har salg.
Vanvittige menner og kåne,
spring rundt og gjer sine valg.

Grytidleg opp dei seg kava,
for å handla billegt nytt.
Strøymer inn som flytande lava,
når butikkdøra kjem på glytt.

Vinglande rundt dei seg snåvar
og handfer adle slags ting.
Frå butikk til butikk dei tråvar,
til dei i sida får sting.

Dei pakkar og stuvar i bilen,
da vert fullt rundt føter og kner.
Men på heimturen melder seg tvilen,
Har me bruk for alt ditta her?

Januarsalg
Teikning: Oddrun Hatlevik