I trimstudio

Til studio kjem dei frå fjern og nær,
med hengjemage og knoklete kner.
No skal kroppen stramast opp,
her skal da trimmast utan stopp.

Dei kjem om kvelden etter arbeidsslutt,
Og tar sine siste krefter ut.
Med blodsmak i munnen og nesten i svima,
dei trør seg forderva i to tre timar.

Sveitten dryp i frå skolt og frå tinning,
Når dreiv driv på med såkalla spinning.
Golvet er sleipt av trimmefett,
Lufta i rommet er stinn og tett.

Menn ligg på rygg, og på jarn dei pompa,
Og kikar i smug på ei damerompa.
For damene trimmar mest utan kle,
Dar difor så mange menn er med.


Teikning: Oddrun Hatlevik