Hakkebakkeskogen mot mobbing

Elevane på 5. trinnet på Rimbareid skule har satt opp teaterframsyninga "Dyrene i Hakkebakkeskogen" denne veka, med tre framsyningar i gymnastikksalen på skulen.

Forteljinga om Klatremus, reven, Morten Skogmus, harepus, bakarguten og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen er kjend for dei fleste. Men med lokale aktørar på alle plan og med  nye spennande vriar og innslag fekk den kjende Egner-forteljiinga heilt nye dimensjonar i gymnastikksalen på Rimbareid skule denne veka. Artige og uventa innslag som at bakarguten ringde heim til mor si då han frykta han hadde bomma på peparkakeoppskrifta og at den sjølvgode reven dansa til "The Fox" gjorde teaterstykket "nytt" og annleis.

Eit svært godt dyre-kor løfta framsyninga og det var mange flotte solistar i sving. Denne kvelden vart me likevel først og fremst imponert av dei flotte skodespelarprestasjonane og den store innlevinga i rollene. Reven Vuk Vucenovic var ein av mange unge aktørane som briljerte i rolla si, og som det kunne sjå ut som var fødd på ein scene.

Det heile starta med både lureri, plaging, tjuveri og uvenskap men enda med vennskap og stor fest for bamsefar som fylte femti år "omtrent på denne tida". På festen song dei både ein ny, fengslande song mot mobbing og den kjende fødselsdagssongen for bamsefar i Lia. Mobbesongen har ingenting med Egner si dikting å gjera. Den er henta frå Frode Skålevik og Helle Ingunn Aaneland sin musikal "Stopp. Ikkje mobb!,  men passa svært fint saman handlinga i stykket frå Hakkebakkeskogen, og vart ekstra understreka med dei flotte "Mot mobbing"-huene som elevane hadde på seg og som fitjarposten.no har skrive om tidlegare.

På fødselsdagssongen var det og med eit svært sjarmerande harekor frå 1. klasse.

Alle dei 32 elevane på 2. trinnet tok aktivt del i framsyninga, anten som songarar, musikarar, skodespelarar, forteljarar, scenearbeidarar eller teknikarar. Det ligg svært mykje arbeid og øving bak ei slik framsyning og det var difor ekstra kjekt at dei får synt teaterstykket heile tre gongar. Første gong var for inviterte barnehagar torsdag føremiddag, så var det ei open framsyninga for foreldre, søsken og andre interesserte torsdag kveld og til slutt vert det framsyning for 2.-7. klasse på Rimbareid skule fredag føremiddag.

Etter avslutta framsyning torsdag kveld vanka det velfortente blomar og ros til elevar og lærarar, og premierefest med champagnebrus i stettglas og god kveldsmat.

270314 hakkebakkeskogen foto HR4

Ein trøtt Bamsefar (Anders B. Langeland) tok heilt til slutt imot fødselsdagsgratulasjonar frå dei andre dyra i Hakkebakkeskogen. Foto: Helga Rimmereid