På veg til Polen

49 elevar og 30 føresette frå 10. trinnet på Rimbareid skule starta i natt reisa si sørover med Aktive fredsreiser.

Turen er ein foreldrearrangert klassetur som går med buss til Tyskland og Polen. Etter ei lang køyring til Oslo går turen vidare med Color Fantasy til Kiel. Turfylgjet skal ha ei overnatting i Wroclaw, to netter i Krakow og to netter i Berlin. Programmet for turen er variert og inneheld både besøk i konsentrasjonsleirar, tur til saltgruvene i Wieliczka, museumsbesøk, sightseeing, folklore-kveld og tid til å handla og kikka seg rundt på eiga hand. Heimturen vert lang med ferje til Trelleborg i Sverige og så buss vidare heim til Fitjar, der det er berekna ankomst klokka to natt til måndag 14. oktober.

Dette er fjerde gong avgansklassen ved Rimbareid skule reiser på ein slik tur. Tilbakemeldingane etter tidlegare turar har vore svært positive og årets deltakarar var utolmodige etter å koma seg avgarde og gledde seg til turen, sjølv om dei hadde uendeleg mange timar med busskøyring framfor seg.

Tjue minutt før skjema, klokka 02.40 i natt, svinga dei to turbussane ut frå "Krukkesletto", med retning mot Oslo.