Soleklar siger

Etter å ha vunne Midtfjellet vindpark sin teiknekonkurranse planlegg 5.-7. klasse ved Øvrebygda skule å bruka premien til ein spennande bade- og gruvetur. 

Storskuletrinna på den fådelte skulen stakk av med ein soleklar siger i klassen for dei i 5.-7. klasse då Midtfjellet vindkraft inviterte til teiknekonkurranse med tema: Fornybar energi. Johannes Koløen og Marita Louise Helland frå Midtfjellet vindkraft satte ekstra stor pris på å dela ut prisen til ein klasse ved Øvrebygda skule, der dei begge sjølv har vore elevar. Johannes la heller ikkje skjul på at produktet storskule-elevane her hadde malt og teikna hadde imponert han stort og var ein soleklar vinnar. Deira bilete hadde utan tvil og vunne dersom alle konkurranseklassane var slått saman til ein.

Målet med konkurransen var at ungane og ungdomane skulle læra om fornybar energi på ein ny måte. At elevane i Øvrebygda har mykje kunnskap om temaet kjem tydeleg fram i biletet som ikkje berre er ufatteleg stilig, men og har fått med seg alt om dei ulike formene for fornybar energi, seier fungerande dagleg leiar i Midtfjellet vindkraft, Johannes Koløen.

Dei fleste skuleklassane i kommunen deltok i konkurransen. I juryen sat Inger Louise Helland og Britt Marie Olsen frå Midtfjellet vindkraft og Oddbjørg Lillenes og Therese Nysæther frå Fitjar kraftlag. Vinnar i småskuleklassen var 3b ved Rimbareid skule og vinnar i ungdomsskuleklassen var klasse 8b ved same skule. Desse klassane fekk premien sin i går og ein kan lesa om dei, og sjå bilete av dei, på Midtfjellet vindkraft si heimeside her. Premiar er ein klassetur. 3.-klassingane ynskjer å reise til Vil vite-senteret i Bergen og slik blir det. Ungdomsskule-elevane vil til Vannkanten badeland og kan sjå fram til ein kjekk, våt dag der. Elevane frå Øvrebygda skule, som ikkje vil reisa så langt, får med seg både bading i kulturhuset på Stord og omvising i gruvene på Litlabø og kanskje litt ekstra pengar til turen. Elevane syntes premien høyrdes kjempekjekk ut, og jubla både for etterlengta bading og tur med gruvetoget.

Midtfjellet vindkraft har eit sterkt ynskje om å få dekorera nokre av møllene med vinnarbileta, og det synes både lærarar og elevar at hadde vore kjempestilig. Det er ikkje heilt avklart endå om dette går i orden, men Johannes og Marita vil jobba vidare med å få til det. Johannes avslutta overrekkinga med å takka dei unge og flinke kunstnarane for at dei deltok i konkurransen og ønskte dei god tur.