Alt klart for Kardemomme by

5.klasse på Rimbareid skule set opp teaterstykket "Folk og røvarar i Kardemomme by" i gymsalen på Rimbareid.

Etter å ha jobba intenst med å øva i fleire veker skal elevane endeleg få visa teateret for andre. 
- Me har øvt mykje og elevane har blitt kjempeflinke, så dei som kjem for å sjå og høyra vil få oppleva imponerande skodespelprestasjonar og stor speleglede, fortel lærarane i 5.klasse.

Elevane skal visa teaterstykket tre gongar. Torsdag morgon får dei besøk av omtrent hundre barnehagebarn som er inviterte til å sjå generalprøven. Seinare på kvelden, klokka 18.30, har dei ei open framsyning for alle som likar røvarar og andre personar frå Kardemomme by. Siste framsyning blir for 1.-4. klasse på fredag morgon. 

Ideen om å setja opp "Folk og røvarar i Kardemomme by" kom frå ein lærar som gav frå seg manus og noter til ein av sine kollegaer når han vart pensjonist, men me seier ikkje meir enn at han og er redaktør i ei kjend nettavis.