Planetar i klasserommet

Etter å ha jobba fleire veker med verdsrommet tok 4. klasse på Rimbareid skule heile solsystemet vårt med inn i klasserommet.

Det var lærar Hilde Bukkholm Stegane sin ide, seier elevane og peikar på alle planetane på bakveggen i klasserommet til 4b. Men me har alle vore med og måla, fortel dei vidare og peikar ut "sine" planetar. 

Etter at ideen om å mala heile solsystemet i klasserommet kom opp, måtte dei sjølvsagt spørja leiinga på skulen om lov.  Og me fekk lov, forklarer elevane smilande. 

Både 4a og 4b har vore saman om planet-prosjektet. Klassane vart blanda og delt i grupper med ansvar for kvar sin planet. Elevane syntes det var veldig stas å få mala og dekorera ein heil vegg. At det var akkurat solsystemet som skulle forevigast gjer at kunnskapen om verdsrommet sit ekstra godt. Forhåpentlegvis mykje lenger enn malinga, som forsvinn når den gamle skulen skal rivast om ikkje altfor lenge. Og når nyeskulen står klar er det ikkje sikkert det blir like lett å få løyve til elevdekorering av heile klasseromsveggar, så akkurat i dette tilfellet kunne elevane gle seg over å halda til i gamle lokale.