Tirsdag 16. Januar 2018


6. klasse dansar

I speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg dansar elevane seg til bedre kondisjon, bedre styrke og mjukare kroppar medan dei lærer mange nye trinn og får frisk farge i ansiktet.

-Kvar er Johannes, vert det ropa i trappa medan elleve 6. klassingar frå Rimbareid skule inntek speilsalen. Elevane er vane med å ha med seg ein lærar frå skulen, men i dag skal dei vere her åleine saman med danselærar Jorunn G. Whittaker. Danseinstruktøren har kustus og kontroll på elevane og skryt av 6. klassingane både før, under og etter timen.
-Dei er kjekke, dei får til utruleg mykje og gjere ein fantastisk jobb. Det er ei glede å jobba med dei, seier Jorunn som er utdanna som profesjonell dansar og dansepedagog. 

Dansen i speilsalen skjer i skuletida og er ein del av Padafiko-prosjektet, som er eit samarbeid mellom skulen og kulturskulen. Elevane på 6. trinn er delt i to grupper og får ni dansetimar kvar.
-Kjempekjekt med dans, er jentene og dei fleste gutane samde om etter at dei har hatt danseoppvarming, styrketrening, tøying, hopp og innvøing av dansetrinn og koreografi.

Det er begransa kva ein får gjort på ni danse-samlingar så Jorunn fokuserer på at elevane skal få ein introduksjon til dans og læra å røra seg til musikk og rytme. Det viktigaste er at dei prøver, seier danslæraren, som både er oppmuntrande og streng i si undervising.  Stilen er ei blanding av jazz-dans og hip-hop.

-Me har lært mange nye dansetrinn, seier både dei som er ferske i faget og dei som har gått på dans i kulturskulen.
-Ja, og så merke me at me har blitt veldig mykje sterkare, etter all den "planke-treninga", forklarer ei av jentene.

Men sjølv om dei seier det er kjempekjekt med dans, sender særleg gutane lange blikk mot idrettshallen og seier dei synes det er litt urettferdig at det berre er 7. klasse som får halda på med parkour. Dei håpar nokon finn pengar til prosjektet neste år og slik at dei og får med seg 7. klasse-parkouren saman med mannen til Jorunn. Det håpar og kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen, men ho kan ikkje lova noko.

Fitjarposten har tidlegare skreve om 2. klasse som spelar fiolin, 4. klasse som syng sjanti og spelar ukulele og 7. klasse som held på med stomp og parkour. Alt er ein del av Padafiko-prosjektet som fekk 230 000,- i stimuleringstilskot frå staten i 2012. Jorunn synes dette er eit flott prosjekt, som gjev elevane høve til  å prøva noko dei kanskje ikkje ville valgt å gjera på fritida. 

Heilt på slutten av danseprosjektet vil det verta ei framføring for foreldra slik at dei får sjå kva elevane har jobba med og kva dei har lært.  Og dei som er så heldige å vera foresetta til denne herlege, danseglade gjengen kan gle seg, for allereie halvvegs i prosjektet lova det svært godt. Og truleg vil musikkvalet vera kjend for foreldregenerasjonen og kanskje gje assosiasjonar til eigne danseopplevingar...

20130302 dans HR7
Ein glad dansegjeng etter trening.
Bak frå venstre: Helene Eiken, Eli Inntveit, Tina V. Nordfonn, Zandra van Bree, Nora Marie Hellesund, Synne Hollund og danselærar Jorunn G. Whittaker.
Framme frå venstre: Daniel I. Bårdsen, Harald N. Gloppen, Markus Gerhardsen, Elin Heggøy og Maria Synnøve T. Koløen.

 

 

 

 

 

 

 

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...
annonse
annonse

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...

Handballjubel

13.01.2018 Kjetil Rydland

  Jentelaget til Fitjar jublar etter siger over Sotra Foldnes 2. Foto: Kjetil Rydland.  Handballjubel  Fitjar IL var vertskap for eit solid knippe handballag i dag, og dei som ikkje kom seg ut i det...

Les meir ...

Vassendgutane klare for årets storkonser…

12.01.2018 Jonas Sætre

Vassendgutane klare for årets storkonsert på Fitjar Førre gong Vassendgutane vitja Fitjar møtte heile 800 opp til konsert. Det svarar til over ein fjerdedel av alle innbyggjarane i kommunen.

Les meir ...
annonse