Måndag 16. Juli 2018


4 strengar og 1 boge

Elevane i 3. klasse på Rimbareid skule storkosar seg med eksklusiv fiolinundervising og spelar allereie fin musikk og syner godt samspel på dei nye instrumenta.

Fiolinundervisinga er ein del av PADAFIKO-prosjektet som er eit samarbeid mellom skulen og kulturskulen. Undervisinga går føre seg i musikktimane på skulen, og det er fiolinlærar i kulturskulen Orlaug K. Evensen som står for undervisinga. Kulturskulerektor Anne Lene Ø Jordåen er og med og støttar mellom anna med pianospel. Så langt me kjenner til har det aldri før vore undervist i fiolin i grunnskulen på Fitjar, og såleis er dei både eksklusive og historiske 3. klassingane som er så heldige å få vera med på dette. 

PADAFIKO-prosjektet, som me har skrive om fleire gongar tidlegare, fekk stimuleringstilskot frå staten i 2012 og nokre av desse pengane er nytta til å kjøpa inn ti små fiolinar med bogar.

Då eg er innom skulen fredag føremiddag, står ni glade og spende elevar frå 3b på gangen og småtrippar utolmodig før dei skal ha sin andre fiolintime. Då døra vert opna er dei raske på plass, tar imot beskjedar frå fiolinlæraren og startar rett på boge-treninga.

- Det er ikkje heilt lett å halda bogen rett, det er jo nytt for alle, forklarer læraren medan ho går rundt og rettleier. 
- Ja, til og med Mona treng hjelp, utbryt ein av gutane og kikkar lurt bort på kontaktlærar Mona A. Traa, som nikkar og smiler tilbake.

På ulike spennande og leikande måtar øver dei på namnet på dei fire strengane, øver på å halda og handtera bogen rett, bevega armen, fingrane og handleddet, og dei øver på tonane og å spela på fiolinen med fingrane, Ja, dei lagar til og med ei ekte heksegryte med ekle ting oppi, slik som slim, edderkoppar, padder, mold og mykje anna gørr. Orlaug spør om nokon vil drikka av suppa. Alle ser smilande på læraren og svarer eit høgt og tydeleg: Ja. Så er dei i gang med å spela på fiolinen med bogen. Det er nytt i dag. Sist spelte dei berre med fingrane, og dei meinte helst at det ikkje var skikkeleg fiolinspeling. Men i dag får dei altså spela skikkeleg. Dei spelar til og med ein to-stemt song. Timen fyk avgårde, og etter ein avsluttande boge-leik er det brått over for denne gongen.

- Dette er berre knallskøy, seier kontaktlærar Mona medan ho slepp ei ny gruppe 3. klassingar inn til fiolinundervising og slepp dei som har spelt ut for å springa litt frå seg før dei skal inn og ha norsk.

Mona skryt av damene frå kulturskulen som er så flinke og inspirerande, og seier at både ho og elevane har gledd seg veldig til kvar fiolintime. Men no er det snart over. Det vart berre tre timar på kvar gruppe i denne omgang. Men ein skal ikkje sjå vekk frå at nokre av 3.-klassetalenta dukkar opp som fiolinelevar i kulturskulen frå hausten av. 

- Kvifor tok du berre bilete av oss, ropar gutane på kinareila då eg er på veg ut skuleporten med kameraveska over skuldera.
- Det var fordi det var dåke som var viktige i dag.
- Kvifor var me viktige då?
- Fordi de lærer å spela fiolin. Er det kjekt?
- Ja, kjempekjekt! ropar dei i kor.
- Eg syns det er så kjekt at eg hadde håpt å fått med meg heim fiolinen i dag, eg, seier ein av gutane,  men det fekk eg ikkje.

Etter ein liten tenkjepause kviskrar han:
-Og det var kanskje lika greit, for pappa er ikkje så glad i fiolinspeling... 

Den pappaen skulle vore med på ein fiolintime saman med dei ni musikkglade 3. klassingane og dei to ivrige kulturskulelærarane så tenkjer eg nok han hadde skifta meining...

 Kopi av 20130208 fiolin HR8

Ein strålande fiolinspelande gjeng frå 3b:
Bak frå venstre: Petter Hoff, Malene Halleråker, Ida Sandvik, Sondre Fitjar
Framme frå venstre: Joakim Stadheim. Markus Andre M. Jakobsen, William Axl Nesbø, Ingrid Malene Maraas, Mathilde Ø. Kloster

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse
annonse

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse