Gjekk på veggen

Fantastisk gøy og veldig utfordrande, var elevane si beskriving av parkour etter å ha hoppa, stupt og rulla på tjukkasen og gått på veggen i idrettshallen midt i skuletida.

Parkour er ein rørsleidrett som handlar om å bevega seg frå ein stad til ein annan på raskast mogleg måte. Her er ingen konkurranse, ein konkurrerer berre mot seg sjølv og sine eigne grenser, og såleis er dette ein idrett for alle, seier instruktør Gareth Whittaker. 

Elevane i 7. klasse ved Rimbareid skule får 9 timar med parkour-undervising i vår, som ein del av skulen og kulturskulen sitt samarbeidsprosjekt PADAFIKO. Prosjektet vart satt i gang for å styrkja dei kulturelle faga i skulen og har fått støtte frå staten. Parkour handlar om kunsten å bevega seg. Dei same elevane som er her hadde og ein prosjektperiode med stomp hausten 2012.

- Dette er kjempegøy, og det er så kjekt å få inn ein så fantastisk flink og kjekk trenar, seier kontaktlærar for 7a Anne Helene Vestbøstad.
- Gareth er flink til å "pusha" elevane slik at dei vågar møta dei utfordringane som denne ukjende idrettsgreina byr på. Dette hadde me aldri kunna gjort i kroppsøvingsundervisinga utan han, seier den litt sliten men glade lærar etter den fysisk utfordrande timen i hallen.
I dag har læraren vore elev, på lik linje med 12- og 13-åringane i klassen. Alder såg ikkje ut til å vera noko føremon i denne idretten, og ungane klarde seg vel så bra som den spreke, men kanskje litt meir stive, kontaktlæraren sin. 

Læremeisteren, som opphavleg kjem frå England, men som no er fast busett på Stord, er oppteken av tre ting når han skal læra vidare Parkour. Det er oppvarming, læra teknikken skikkeleg og at ingen skal skada seg. Difor startar timen med oppvarming og når teknikkane skal øvast inn er han på plass for å sikra at elevane ikkje dett og skadar seg. Undervisinga går føre seg i idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg, og der i hallen øver dei med kassar og tjukkas. Målet er at dei skal læra teknikkar som dei kan bruka i ekte situasjonar når dei skal koma seg frå ein plass til ein annan plass på raskast mogleg måte.

Elevane er både greie, lærenæme og vågale der dei følgjer instruksane etter beste evne og hoppar, rullar og stuper på tjukkasen og går på veggen. Dette skjer ikkje berre med den beste foten først, men og speglvendt og baklengs. Nokre av elevane var med på eit dagsprosjekt med Gareth i regi av kulturskulen for nokre år sidan, og læraren skryt av elevane og synes det er kjekt å sjå at nokre av dei hugsar og kan ein del av grunnteknikken dei lærde den gongen. Dette gler instruktøren, som har halde på med dette i omkring 8 år, og som no prøver å  tene til livets opphald som parkour-instruktør. 

- Det ser så lett ut, seier dei som står i køen og ventar på tur, då den spretne instruktøren syner øvingane.
Så lett er det ikkje, det er rett og slett vanskeleg og skikkeleg tungt for dei som ikkje har trena på denne måten før, er både instruktøren og elevane samde om. Her skal ein både vera vågal, smidig og vita korleis ein skal gjera det. Sjølv om "saggande" bukser til tider er ei utfordring for ein del av gutane så får både dei og jentene til veldig mykje. På same måte som elevane måpte av instruktøren måper eg av elevane. Det såg så lett ut då dei gjorde det. Men kroppen kjennes alt for stiv og tung til å prøva det same sjølv, men at det verka freistande å kunna gå på veggen, det kan eg ikkje leggja skjul på...

20130130 parkour HR9

Ein glad gjeng etter ein time med Parkour-trening: Ole, Lena, Rea, Chayenne, Stina, Arild, Marcus, Hafsteinn, Jonathan, Håkon, lærar Anne Helene, Marius, Martin, Damian og parkourinstruktør Gareth Whittaker.