Saknar tau

4. klasse på Rimbareid skule saknar halvparten av dei kjekke taua dei brukar å klatra på og leika med når dei er på tur til Rimbareidfeltet. 9-åringane håpar dei kan få taua attende.

Dei som no går i fjerde klasse har heilt sidan dei starta i andre klasse brukt utedagane sine i kommunen sin skog i Rimbareidfeltet. Her har foreldra hjelpt til på dugnad og bidrege med benkar og kjekke, lange, tjukke tau til å klatra på. Dei har hatt ei lang løype som har gått frå tre til tre med eit balansetau nede og eit tilsvarande tau oppe til i halda seg fast i. Då klassen skulle til Rimbareidfeltet på utedagen sin mandag denne veka, var heile det øvste tauet vekke.

Elevane og lærarane synes det er svært trist at taua har forsvunne og håpar ei etterlysing på fijtarposten kan føra til at taua kjem til rettes igjen. Det har virka før... 

Veit du kvar taua er kan du ta kontakt med skulen, levera taua til skulen eller leggja dei på plass i skogen der dei høyrer heime.