På E-tur med fadderungane i 1.klasse

Måndag 29. oktober drog me i 5.klasse til Storhaugen for å lære fadderunganane e- lyden på ein lur måte. Veret var ganske fint og vart etterkvart strålande. Likevel fraus me litt.

Me gjorde det på denne måten:

1. stasjon: På denne stasjon las me eventyret om ”Askeladden som kappåt med trollet.”Me hadde laga spørsmål til fadderungane om eventyret som dei skulle svare munnleg på. Dei likte godt at me las til dei og sat ganske roleg!

2.stasjon: På denne stasjonen hadde me ein pose med mange artige ting på E som dei skulle kjenne på og gjette kva var. Etterpå lytta me ut e-lyden og fann ut om den var først, i midten eller sist i ordet. Dei var verkeleg flinke til dette.

3.stasjon: Her grilla me eple med kanel og sukker i. Det var kjempegodt, særleg fordi lærarane hadde kjøpt krem som me fekk oppå eplet. Mmmmmm..

Etter stasjonsarbeidet åt me god niste og leikte bom 50. Det var morosamt!

Til slutt lagde me E-ar av pinnar, og hengte dei opp på trea.Det såg ut som om 1.klassen hadde det veldig kjekt i lag med oss 5.klasse-fadderane, og me i 5.klasse hadde det gøy i lag med dei små, men det var litt godt å leika litt åleine då dei gjekk til skulen, litt før oss…