Stomp på Rimbareid

Som ein del av Padafiko-prosjektet får elevane på 7. trinn ved Rimbareid skule undervising i musikk og rytme gjennom perkusjonsforma stomp denne hausten.

Undervisinga starta sist veke og skal gå fram mot juletider. Elevane i dei to 7. klassane er delt i fire grupper og to og to grupper får stomp-undervising kvar veke. Det er trommelærar Rune Nesse som står for undervisinga. Han har og med seg fire musikkstundentar frå Høgskulen Stord Haugesund. 

Då den siste gruppa med elevar frå 7a skulle ha sin første stomp-time i  musikksalen sist torsdag vart læraren møtt som ein god, gamal kjenning med store smil og ein god klem. Rune er både lærar i kulturskulen på Fitjar og spelar trommer og syng i Storm weather shanty choir og er såleis kjend for mange av elevane.

Undervisinga denne første gongen, som tok føre seg begrepa puls, rytme og dei mest grunnleggjande rytmane, var det student Aleksander Haga Tveit som hadde ansvar for, medan kulturskulelærar Nesse og studentane Marie Isabel Grøtteland, Erling Andreas Jensen og Anette Lerøen Rønhovde deltok i undervisinga saman med elevane.

I  musikkforma stomp handlar det om å laga rytmar og å bruka andre ting enn vanlege slagverksinstrument til å laga lydar med. Elevane hadde fått med seg at det går an å spela på både stolar, boss-spann og mykje anna, og ville gjerne i sving med alt dette med det same.  Men i denne første timen brukte dei det som er det mest nærliggande av alle instrument, kroppen. Det starta roleg med dunking på brystet, klapping og tramping. Rytmane vart spelt i takt, i sekvensar, som stafett og som kano. Det vart trampa, klappa og dunka til den store gullmedaljen, under Aleksander sin "taktstokk".

Denne veka er det dei to gruppene i 7b sin tur til å få stomp-undervising, og så går det slik annakvar veke framover. Stomp-undervisinga er ein del av PADAFIKO-prosjektet, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Rimbareid skule og Fitjar kulturskule for å styrkja dei kulturelle faga i skulen. Prosjektet har fått statsstøtte og starta opp for første gong no i oktober med stomp-undervising for dei på 7. trinn og sjanti og ukulele for dei på 4. trinn. Etter jul vert det parkour for dei på 7. trinn og minikornett for dei på 3. trinn. Prosjektet inneheld planar for endå fleire tilbod, og ein kan håpa at ein finn midlar til å utvide dette etter kvart, og sjølvagt at samarbeidet mellom skulen og kulturskulen fortset slik at alle elevane etter kvart får med seg desse flotte erfaringane med mange ulike musikk- og kulturutrykk.

Dei fleste elevane syntes den første stomp timen var både kjekk og slitsomt. Det var fysisk krevjande å stå ein heil skuletime å trampa, klappa og dunka  og samstundes tenka på rett rytme og å halda jamn puls. Dette var endå meir krevande enn fysisk aktivitetet meinte dei av gutane som sleit mest. Men dei fekk det til, og med på kjøpet, nesten utan å merka det, fekk dei både norsk, matematikk og kroppsøving.

Det blir spannande å sjå og høyra kvar stomp-undervisinga endar, og på eit eller anna tidspunkt skal truleg 7. klassingane syna for publikum noko av det dei har lært og jobba med denne hausten.