Kjempegøy

med kanodag, strålte 32 fjerdeklassingar på veg heim etter ein svært kjekk aktivitetsdag i Breiavikjo saman med elevar frå 10. klasse.

Med nesten spegelblankt vatn, sol frå blå himmel og ei strand full av glade ungar og ungdomar var det reine sommarstemninga i Breiavikjo måndag føremiddag.

Tiandeklassingane hjelpte til med kanopadling, ulike leikar og ballspel, og ungdomsskuleelevane hadde høg status hos dei seks år yngre barneskuleelevane som alle storkoste seg med alle aktivitetane ungdomane tok initiativ til.

-Ungdomsskuleelevane er kjempekjekke og me har gjort masse kjekt i dag, fortalde ein gut i 4a i det bålet ebba ut og pølser og niste var fortært. Ei jente frå same klasse som låg på plenen og slappa av saman med nokre store jenter fortalde at ho hadde spelt både volleyball og hoppa tau. Medan ho prata søkte blikket heile tida til vatnet og midt i samtalen spratt ho brått opp, sprang av garde og ropte: No skal eg ro!  -Padla, padla i kano heiter det, retta tiandeklassingane som hadde jobben med å sitta bak i kanoane og stå for styringa. Kanopadlinga var det klare høgdepunktet for både barne- og ungdomsskuleelevane og ekspertane såg ut til å gjera jobben sin godt for alle fekk god fart og ingen velta.

-Kor tid kan me gjera dette igjen, spurde elevane på veg tilbake til Rimbareid skule. Lærarane har ingen ny felles aktivitetsdagar på planen, men at dette freista til gjentaking var det ikkje tvil om. Barne- og ungdomsskulelærarane, som hadde gått rundt med eit stort smil heile dagen, var godt nøgd med samarbeidet og såg stor verdi i aldersblandinga som gav mange gode opplevingar, viktige erfaringar og meistringskjensle hos både store og små.