Idrettsdag

Idrettsdagen på mellomtrinnet vart avvikla 7. Juni, deltakarar frå 5.-7. klasse møtte i strålande sol.

Stemninga var på topp allereie frå morgontimane. 7. trinnet stod for oppvarminga med ”La Bomba” tradisjonen tru. Dei fleste hang seg på. Her får de ei oversikt over dei ulike øvingane på denne fantastiske dagen:Stille lengde, 60 meter og kast med stor ball.

Alle gjorde sitt beste, og resultatet blei bra. Det var mange luftige svev og lange kast. Nokon sette og ny pers på 60 meter. Etter alle øvingane var det mat. Det var nok godt etter topp innsats frå alle.Då alle hadde ete ferdig, gjorde dei seg klare for 400 meter stafett. Etter stafetten var det ikkje noko tvil om kva for nokon klassar som var raskast på kvart trinn. No var det tid for valfrie aktivitetar som me meldte oss på dagen før. Aktivitetane var: Stikkball, fotball og stratego. Det var morosame aktivitetar alle hadde stor glede av.

Me spurte Kaia Rydland om kva ho syntes om idrettsdagen. "Eg synes det er bra at ungdommen no til dags får trimme”, seier ho med eit smil rundt munnen.

Alle var positive og flinke til å oppmuntra, men 5. klasse Rimbareid vann velfortent fairplay prisen.
Før me skulle heim kom rektor med is til alle mens 7. klasse tok ein siste ”La Bomba”.