Torsdag 26. April 2018


We will rock you

Det rykte i mang ein rockefot då elevane på 10. trinnet på Rimbareid skule tok foreldra med tilbake til popen og rocken på 50, 60 og 70-talet.

Fosilmusikk kalla elevane det då dei introduserte innslaga som skulle koma. Elevane hadde tydelegvis likevel blitt positivt fasinert av foreldra sin musikk og innslaga oste av ungdommeleg frimod og glede.

Foreldre, vener og slektningar som hadde fylt opp publikumsstolane i gymnastikksalen på Rimbareid skule fekk presentert musikk av Beatles, Elvis, Abba, Queen og fleire av dei andre ungdomsidola til foreldregruppa. Flotte song-, instrumental- og danseinnslag kom som perler på ei snor, og alle aktørane var tidsriktig kledde. Då me trudde me var kome til siste innslag med det storslagne nummeret Alice med Brynjar Bergesen som flott solist saman med eit fantastisk kor, var me berre halvvegs i konserten som varde heile ein og ein halv time. I løpet av den stunda var det mange høgdepunkt. Nokre av desse var Edith og Liv Janne sin Let it be, Ingvild Oma sin Come together og Solveig og Marthe sin Hotel California.

Andre sjarmørinnslag var mellom anna gutane med solbriller som rocka gymsalen med We will rock you, både gutar og jenter som dansa, det rolege jenteinnslaget I have a dream og dei gitarspelande rockejentene Nora og Kathrine. Alt saman artig bunde saman av Sigvald, Tommy, Arild og Thor.

Fantastisk, var rektor Siv Grethe Stamnes sin spontane kommentar til lærarane Håkon C. Hartvedt og Ann-Sofie Drønen etter at siste tone av den flotte duetten mellom gutekoret og jentekoret i Does your mother know hadde ebba ut.  På veg ut vanka det mange velfortente, rosande ord og gode gratulasjonsklemmar frå stolte foreldre og slektningar til dei flinke aktørane som hadde stått på scenen. 10. trinnet er verkeleg eit kull med mange talent, både innan skodespel, song og musikk.

Til å øva inn og gjennomføra dette prosjektet har lærarane hatt hjelp av studentane Eirik Størkesen, Lars Hjalmar Holm, Ailin Sanden og Karl Georg Grønhaug. Same framsyning som foreldre/slektningar fekk måndag kveld vart vist for dei andre ungdomsskule-elevane rett før helga, og dei elevane me har snakka med likte og musikalen til 10. klasse svært godt.

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse