Flott fangst for Fjellheim

Fjellheim Friluftsbarnehage kunne gle seg over bra med fisk i garnet dei nyleg hadde ute i Storavatnet.

Det var torsdag morgon borna fekk vera med på å trekkja garnet, og jammen var det mange fiskar der, syntest dei. Seinare storkosa dei seg med steikt fisk til lunsj.

- Spesielt kjekt var det når Patrick viste og fortalte kva som var inni fisken, fortel styrar Anne Karin Nilsen til fitjarposten.no.