Laurdag 20. Januar 2018


Gloria!!!

Taket i gymnastikksalen letta nesten då elevar frå 7. og 1. klasse song Gloria under framføringa av julespelet Ei glede for heile folket, tysdag kveld.

For trettande gong øvde 7. klasse ved Rimbareid skule inn syngjespelet Ei glede for heile folket av Alf Georg Østebrøt. "The best ever", sa forelder John Karsten Raunholm i sin takketale til elevane og lærarane etter den opne framsyninga som samla fullt hus i gymnastikksalen.

Det var gjort fleire forandringar og utvidingar på spelet i år i forhold til tidlegare år. Dette har nok kravd ekstra av både lærarar og elevar, men var til stor glede for publikum. Mellom anna var orkesteret utvida frå blåseinstrument og stavspel til og å ha med trommer, el-gitar og bassgitar. Englane hadde fått eigne høge scenar (stilas) å boltra seg på, Gabriel song ikkje berre men spelte og gitar på sengekanten til Maria, Baltasar sin morgongymnastikk var utvida til og å få med seg publikum, det var engledans og levande sauer, og på avlsuttingssongen dukka alle 1.-klassingane på Rimbareid skule opp med lykter med levande lys og ei iherdig songkraft og songglede.

Så godt som alt sat som det skulle. Elevane var svært dyktige og kunne sine roller, replikkar og songar godt, og alle deltok på eit eller anna vis. Mange skodespelartalent var i sving på scenen og me merka oss særleg ein svært dyktig Josef i Sander Thomassen sin skikkelse og Rolf Solli som Baltasar. Forteljarane merkte seg og ut som svært tydelege med klåre, sterke røyster. Koreografien var god og sceneskitfa flaut naturleg. Alle som var på scenen strålte og det var flott og rørande å få med seg denne framsyninga, og for oss som ikkje var så inhabile som han som sa "The best ever".

Både skodespelarar, songarar, musikarar, teknikarar og lærarar fekk velfortente roser etter den 35 minutt lange framsyninga. Før elevane tok av seg kostyma for å ha premierefest, takka Evy Skogedal, på vegner av lærarteamet på sjuande trinnet, elevane for at dei hadde vore så flinke og at dei hadde vore så positive under øvingane.

Roller/oppgåver:
Maria: Silje Thorland
Josef: Sander Thomassen
Vismenn: Rolf Solli (Baltasar), Solveig Drønen (Kaspar) og Thea Vestbøstad (Melkior)
Engelen Gabriel: Susanne Gjøen Vestbøstad
Dansande engel : Andrea Hollund
Englar: Emma Aleksandersen, Eline Havnerås, Benedikte Nesbø, Anna Thorland og Henriette Vågen Reigstad
Utropar: Ingrid Tveita
Forteljarar: Frøydis Malkenes og Magnus Raunholm
Kamel: Ruben Træet og Malin Jensen Westvik
Gjetarar: Victoria Bergesen, Andreas Nesse Gloppen, Joakim Isdahl Helland, Lea Hobæk Hovland, June Gloppen Rimmereid, Luka Vucenovic, Emilie Haukeland, Martin Pedersen, Mats Huseth Rasmussen og Caroline Skaar
Lam: Hedda Kjerland Kongestøl og Jan-Audun Tharaldsen
Huseigarar: Kathrine Haugvaldstad og Tone Sandtorv Brakedal
Musikarar: Ken Sigve Hugøy Berntsen (elgitar), Torstein Træet (klokkespel/lys), Nicolai Tufteland (xylofon), Oda Rydland (kornett/blokkfløyte) Nils Birger Vestbøstad (bassgitar), Andreas Vik (slagverk) og Vegard Aarbø (baryton/blokkfløyte).
Lydmann: Tor André Spissøy
Biletvising: Olai Tronshaug Bergsvik

Ein av songane i syngespelet vart framførd under skulegudstenesta i føremiddag, og i morgon skal heile spelet framførast for alle elevane på barneskulen på Rimbareid som ein del av den siste skuledagen deira før jul.

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...
annonse
annonse

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...