Flinke, unge basararrangørar

3a og 3b ved Rimbareid skule arrangerte kjekk solidaritetsbasar i gymnastikksalen torsdag 3. november.

Foreldre, søsken, besteforeldre og andre kjende var intivert til ei flott kveldsstund med elevinnslag, kafé, tippekonkurransar og åresal.   Elevane hadde førebudd basaren saman med kontaktlærarane sine Solveig Thunestvedt og Ingvild B. Myhre og dei andre lærarane dei har. Med rundt 160 frammøtte vart det ganske fult i gymnastikksalen, til stor oppmuntring for dei unge arrangørane.

Overskotet frå solidaritetsbasaren gjekk til unicef sitt arbeid, og elevane hadde på førehand jobba med barns rettar og unicef. Pengane sat laust i forsamlinga, og stolte elevar og lærarar kunne etter avslutta basar gle seg over 10 790 kroner til unicef.