Basar

Det vart ein travel men kjekk dag på Rimbareid skule torsdag den 27. oktober. 5.-7. klasse arrangerte basar i gymsalen.

Allereie kl. 10.20 byrja besteforeldre, foreldre og andre kjente å komma. Det strøymde på med folk til det nesten var fullt.

Basaren byrja ikkje før 10.30 då to flinke 7. klassingar ønskte alle velkommen.

Det vart sal av kake og drikke.  Elevar opptredde med song og dans. Både vaksne og barn kunne tippe på: Kor tung er steinen?, Kor langt er tauet? og Kor masse gotteri er det i glaset?

Det var og forskjellige quizar. Det vart óg åresal som du kunne vinne masse fine gevinstar på.

Dei samla inn ca. 25 788,- kr til Norsk folkehjelp.

 

Marte Rimmereid
og Kari L. Fitjar
6b