Fortel historier med heile kroppen

Forfattar, barnefilosof og tidlegare programleiar for mellom anna VeraVera og Jubalong, Vera Micaelsen besøkte 7.klassane i Fitjar i dag.

Kjempegøy, morosamt og spennande var nokre av superlativa elevane kom med etter å ha høyrt ho snakke om kjensler i 45 minutt.

Vera byrja med å blåsa opp ein stor ballong og sa at ho kom til å smella den på eit uventa tidspunkt, men ingen fekk halda seg på øyrene. Poenget hennar var at når ein venta på at det ville koma eit smell ville kroppen senda ut hormon som førebur ein på å takla det som skal skje. Øv deg opp på å takla situasjonar som er vanskeleg, så er du betre rusta i kvardagen, fortalde ho sjuandeklassingane. Ei øving alle bør øva på kvar dag er å pusta inn med nasen og ut gjennom munnen. Når ein møter stress, noko uventa eller skremmande situasjonar skal ein gjera dette for å takla det som skal skje eller har skjedd.

Ho fortalde og tre rare historier frå verkelegheita som var så fasinerande og uforklarlege at elevane trudde dei var usanne. Ei av fortelingane var om Den hovudlause hanen Mike. Denne handlar kort fortald om ein bonde som kappa hovudet av ein hane og det viste seg at hanen levde vidare. Bonden byrja mata hanen ved å dryppa maisvelling ned i halsen på han. Hanen vart kjend og bonden tente masse pengar på han. Historia om den flygande kua var ei anna av desse forteljingane. Elevane vart fasinert av dei rare historiane som vart framførd med kraftig mimikk og stort engasjement. Møtet med den livlege forfattaren oppmuntra nok mange til å finna fram fleire av hennar bøker.