Årsmøte i foreldrerådet

Det vert årsmøte i foreldrerådet ved Rimbareid barne- og ungdomsskule torsdag 6. oktober.

Me har fått fylgjande melding frå leiaren i foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU):

"FAU ved Rimbareid hadde planlagt å sende ut innkalling til Årsmøte i Foreldrerådet ved Rimbareid Barne- og Ungdomsskule i dag. På grunn av stengt skule, vart dette ikkje gjort .Møtet vert halde på personalrommet ved lærarfløyen torsdag 6. oktober og startar kl 20.00. Det vert vanlege årsmøtesaker og diskusjon rundt oppgåvene til FAU. Alle foreldrekontaktar har møteplikt, og alle foreldre har møte- og stemmerett. Val vert gjort på kandidatar som er spurde på førehand. 
Helsing FAU v/Marianne H. Aarbø"