Dyredag

Onsdag 15. juni hadde 5.-.7. klasse ved Rimbareid barne- og ungdomsskule dyredag.

Dagen starta med tre vanlege timar for elevane. To elevar trong masse tid, dei skulle gjera hestane sine klare og gjekk i det store friminuttet. Dei andre som skulle henta dyra sine gjekk i fjerde time eller fekk levert dyra frå foreldra i timen etter storefri. I den fjerde timen var alt nesten klart til utstilling og nesten alle dyr var plassert rundt omkring på skuleplassen etter rettleiingar frå arrangørane i 7. klasse.

Etter kvart kom 1.-4. klasse for å sjå på dyra. På utstillinga hadde elevane stilt opp med katter, ei skjelpadde, kaninar, eit marsvin, ei geit, to hamster, nokre lam, rumpetroll, hundar og tre hestar. Etter kvart vart det opent for quiz og elevane leigde dyrepassarar medan dei samla seg i grupper for å vandre rundt for å finne ut svaret på ting dei ikkje kunne frå før av.

I 5. time kom dei eldste ungane i Bakken barnehagen og dei muntre barnehageungar gjekk rundt å kikka og klapte på alle dyra.

Elevane som hadde dyr med hadde laga ein plakat der dei hadde skrive alder, rase, kjønn, eigar, føde, drikke med meir slik at gruppene kunne finne svar på quizen på plakatane. Elles var det masse viktig fakta å få hos eigarane.

Elevane var i godt humør då dei gjekk heim frå skulen denne dagen. Dyredagen var vellykka og me håper tradisjonen varer endå lengre!

anabolen steroiden