Overraska rektor

Tysdag var alle elevane ved Rimbareid barne- og ungdomsskule samla til overraskingsselskap for avtroppande rektor Svein Kåre Meling.

Elevane frå 1. til 10. klasse var samla seg i gymnasikk-salen då lærar Ingvild Brekke Myhre ringde til administrasjonen om at det var skjedd noko alvorleg i gymnsastikk-salen og bad dei koma raskast mogleg. Det var ein forskrekka rektor Svein Kåre Meling som kom inn i salen til stor applaus. Han hadde ikkje fått vita noko om dette arrangementet som skulle vera ein takk for 37 år som lærar og rektor ved skulen.

Den snart pensjonerte rektoren fekk oppleva nokre flotte elevinnslag. Ola Lambach Fitjar, Åse Underhaug, Marita E. Nielsen , Vilde R. Kjelling og Marie Moldestad Oma song ”Don`t stop believing”, sistnemnde akkompagnerte også på piano. Dei 5 elevane frå 7A imponerte med tydeleg og samstemd song. Vidare fekk han høyra 3. og 4. klasse som song ”Stopp, ikkje mobb”, ein song med bodskap om å ta vare på kvarandre og som er heilt i tråd med Svein Kåre sitt ønskje for skulen. Gjengen song kraftig og fekk nok fleire enn rektor til å kjenna ein tåre i augekroken. 9.klassingane Amalie Korsvik og Marthe V. Nordfonn las ei helsing på rim skrive av Marthe og Ingvild Moldestad Oma. Jone K. Træet spelte gitar medan Sjur Rydland song.

Det var ein glad og overraska rektor som til slutt takka for den fine festen med dei flotte innslaga.

Etter samlinga i gymnastikk-salen fekk alle klassane sjokoladekake, brownies eller muffins i klasseromma, og Svein Kåre, som blir omtalt med førenamn av alle elevane, sa han ville ta turen innom alle klassane i løpet av dagen.