Bytur

Fredag 29. april var 7b og 7a frå Rimbareid barne- og ungdomsskule på tur til Bergen til Vilvite-senteret.

Som fast i mange år har 7.-klassene på Rimbareid reist på tur til Bergen, der dei har vore innom Vilvite-senteret, Naturhistorisk Museum og hatt eit felles måltid på Dolly Dimple's på Bergen storsenter (bygarasjen).

Det starta med at alle vakna opp tidleg om morgonen og var til stades på ferjekaien i Sandvikvåg kl. 7.30, etter ein liten biltur kjørt av foreldra. Alle samla seg, og i all hast blei 7.-klassingane stilt opp til bilde, mens ferja køyrde inn til kai. 7.-klassingane gjekk på ferja, dei fleste trøtte og søvnige og møtte kystbussen på andre sida av ferjeturen. Elevane skulle gå av ved busstasjonen slik at det blei ein liten gåtur, men bussjåføren var ein av dei mange glade og snille bussjåførar og kjørte alle heilt bort til Vilvite-senteret.

På Vilvite-senteret var elevane delt inn i to grupper. Den eine gruppa på 8 elever gjekk litt av ei energiløype, resten heldt på med eit pogram om elektrisitet og magnetisme. Det var kjekt då elevane fekk litt fri. Det som var populært var ein sykkel som gjekk 360 grader rundt i lufta (loop), såpebobler som kunne trekkast over ein og værstudioet.

På Naturhistorisk-museum var det masse å sjå og mange blei fasinert av alle dyresortane som var utstilt. Så gjekk det vidare til Dolly Dimple's, som mange hadde sett fram til. Der blei det pizza og brus. Men det som elevane såg endå meir fram til var ”shoppinga”. Den siste ekstra timen gjekk mange 7.-klassingar rundt på senteret. Mange fekk seg nye kle, og så var folk på veg heim igjen.

Foreldra venta på dei i Sandvikvåg. Lærarane var svært fornøgde med den strålande kjekke gjengen.