Tirsdag 17. Juli 2018


Nå kan gleden bryte ut

Påska sitt glade bodskap vart fortalt og sunge ut til ei fullsett Fitjar kyrkje under 3. og 4. klasse si framføring av syngespelet Har du hørt det? onsdag kveld. Gleda elevane synte smitta, og både foreldre og andre frammøtte vart rørt til tårer under framsyninga.

Det var ein svært flink og engasjert gjeng på rundt 50 elevar som rørte delar av publikum til tårer med sin song, sitt spel, sine roller og si forteljing.

Syngespelet Har du hørt det? handlar om det me kan lesa om i Bibelen som hende med Jesus frå palmesøndag til første påskedag. Det er skrive av Alf Georg Østebrøt frå Egersund, og songane har tidlegare vore framført på Fitjar av Fitjar barnegospel. Det er og den same Østebrøt som har skrive julespelet En glede for hele folket, som 7. klasse på Rimbareid brukar setta opp i desember.

Denne gongen var det 3. og 4. klasse ved Rimbareid skule som hadde øvd inn det flotte og fengande påske-spelet. 3. klasse deltok i koret, medan 4. klasse i tillegg stod for dei ulike rollene, soloinnslaga og spelestemmene. Denne gongen var det ikkje berre songane som var øvd inn, me fekk og møta Jesus, Peter, folkemassen som hylla Jesus, Barabbas, Pilatus, soldatane og englane ved grava. I tillegg til singback som vart køyrt over høgtalarane var det lagt til spelestemmer på rytmeinstrument, kornett, tenor, althorn, fløyter og stavinstrument. Dette var ei kjekk forsterking og synte musikalske ferdigheiter på mange ulike måtar. Elevane hadde øvd godt, stemmene sat som dei skulle og alt som vart sagt kunne dei utanåt.

Etter eit flott preludium med ei stødig spelegruppa starta det heile med palmesundag då Jesus kom inn til Jerusalem, hylla som konge av ei stor folkemengd med viftande palmegreiner. Me møtte vidare læresveinane i vennskapen med Jesus og feiringa av påskemåltidet, før Jesus vart teken til fange, og me fekk høyra ein syngande Peter i Kaia Rydland sin skikkelse som fornekta Jesus. Publikum fekk eit sterkt møte med folkemengda som kravde Barabbas fri og Jesus korsfesta. Det fekk frysningar til å gå nedover ryggen på tilhøyrarane å høyra koret synga songen Hvem velger dere?. Til slutt bobla det heile over i gledessongen "Har du hørt det?", og nok ein gong skapte songen frysningar hos publikum. Englane fortalde det: Jesus var ikkje lenger i grava, han var stått opp. Koret song med overbevisande glede: "Nå kan gleden bryte ut...graven den er tom! Yeah!" Det finnes berre eit dekkande ord for det songinnslaget: FANTASTISK!

Onsdag føremiddag vart syngespelet framførd under påskegudstenesta som var for dei som går på barneskulen. Dei som fekk med seg begge framføringane sa at den første var desidert best. Om kvelden då elevane hadde invitert familie, slekt og vener til framsyning var dei både trøttare og meir nervøse. Men me som ikkje hadde opplevd den første var meir enn imponert over det me fekk presentert, noko som vart gjort tydeleg i den enorme applausen som kom til slutt, og som kravde ekstranummer.

Framsyninga i kyrkja var gratis, men det var høve til å gje ei gåve til Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon ved utgangen. Etter oppteljing synte det seg at dei flinke elevane kunne senda godt over 5 000,- til Kirkens nødhjelp sitt arbeid og slik vera med å gje ei hjelpande hand til dei som ikkje er så godt stilt som oss på Fitjar.

Kva var så responsen frå tilhøyrarane på veg ut frå kyrkja?  Dei som ikkje hadde nok med å berre tørka rørte tårer frå augekroken skrytte uhemma. Kjempeflott, rørande, så flinke, stor oppleving, kjekt... Dette var rett og slett ei fantastisk oppleving for både aktørar og tilhøyrarar. Det vanka og stor takk til dei fire lærarane Katrin I. Ankervoll, Martha Waage, Liv Mari K. Lønning og Rune Longfjeld Rimmereid som hadde jobba fram dette saman med dei kjekke elevane sine, som lærarane i denne omgang ikkje fekk fullrost nok.

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse
annonse

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse