Laurdag 23. Juni 2018


Stor song- og speleglede

7a og b ved Rimbareid barne- og ungdomsskule synte svært stor glede under framføringa av julespelet En glede for hele folket i kveld, og hausta mange lovord for framføringa.

7. klassingane tok publikum med 2000 år tilbake i tid, og gjennom ord og tonar lét dei oss i salen få eit både truverdig og humoristisk  møte med historia om Jesu fødsel, som i Bibelen vert beskrive som ei glede for heile folket. Dette er 11. gongen dette spelet vert framført av 7. klasse på Rimbareid i tida før jul. Det har alltid vore ei fryd å sjå spelet, både for dei som har fått med seg dette på kveldsframsyninga og alle elevane i barnskulen som har fått sett dette som ein del av julefesten siste skuledag før jul.

Me skal ikkje sei aldri, men dei som har sett alle spela seier at sjeldan har ein sett så stor skodespelarglede og prestasjonar, så stor speleglede og så stor songglede. Koret som batt heile framsyninga saman var berre heilt fantastisk flott, med tydeleg og sterk song og stor innleving. Alle som deltok strålte og denne gleda nådde ut til oss i salen på ein svært god måte. Maria, Josef og vismennene var som proffe skodespelarar, dansande kamel og dansande gjetarar fekk framsyninga til å svinga, og engelen brakte den glade bodskapen klokkeklart fram. Med gode stemmer og eit bra lydanlegg gjekk ingen ord tapt, verken i songar eller replikkar.

Journalisten kan vel ikkje seiast å vera heilt objektiv i denne artikkelen, men som kontaktlærar for 7b Gunn Evy N. Haaland sa på premierefesten som 7. klasse og foreldra deira hadde etter framsyninga: Om de foreldre er i tvil om kor bra dette var, så kan eg skriva under på at dette var spesielt flott. Så då kan me som er foreldre stola på at det ikkje berre var stoltheit over vår eigen pode som fekk rørande tårer til å pressa på, men heile opplevinga av ei framsyning utanom det vanlege.

Syngespelet "En glede for hele folket" er skreve av Alf Georg Østebrøt, og vart på Fitjar framført i nynorsk versjon. Siste framsyning i år vert tysdag 21. desember under julefesten til barneskulen i gymnastikksalen på Rimbareid barne- og ungdomsskule. Under kveldsframsyninga filma Sunnhordland delar av spelet, og dette vert etter kvart lagt ut på nettsida deira her.

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse
annonse

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...
annonse