Me står rundt krybba og smiler

Elevar frå alle barneskulane i Fitjar var samla til julegudsteneste i dag. Det er tradisjon at barneskulane i Fitjar er samla til gudsteneste før jul. Nytt av året var at nokre av elevane på kvar skule har laga ulike figurar som saman dannar stallen i Betlehem. Rimbareid skule har laga stall i hun, vismenn og kamelar, Sælevik skule har laga Josef og Maria med Jesus på fanget medan Øvrebygda skule har laga gjetarane med sauene sine.

Stallen var tom i byrjinga, men snart kom elevar frå Sælevik inn med Maria, Jesus og Josef samtidig som dei las byrjinga av juleevangeliet. Øvrebygda las vidare om engelen som viste seg på Betlehemsmarka og om gjetarane som gjekk for å sjå den nyfødde kongen. Då vismennene skulle koma, stilte 7. klasse ved Rimbareid skule opp i kor og song songen "De tre vise menn" som er henta frå julespelet "Ei glede for heile folket" skrive av Alf Georg Østebrøt. Me fekk oppleva flotte solistar og korsong med trøkk i. Kvar hending vart kommentert av Olav Johannnes Oma eller Nobu. Mellom innslaga var det fellessong.

Me som var til stades fekk oppleva ei kjekk og varm gudsteneste og kan gå jula i møte med orda frå refrenget av "En stjerne skinner i natt" i tankane våre:
"Her kan vi drømme om den fred som vi skal eie en gang. For dette barn har himmelen med og jorden fylles med sang".