Dokketeaterverkstad

Fjerde klasse på Rimbareid barne- og ungdomsskule fekk fredag modellera dokkehovud under leiing av Gunnar Borgen Nygård i Commedia dokketeater.

Det var fredag formiddag klassen fekk besøk av den profesjonelle dokkemakaren Gunnar Borgen Nygård. Tilbodet var ein del av den kulturelle skulesekken, som er eit nasjonalt satsingsprogram for å fremma ulike typar kulturelle uttrykksformar i skulen. Les meir om dette her 

Dagen før hadde læraren laga pappmasje som skulle brukast til å laga dokkehovud med. Elevane fekk utdelt kvar sin klump med masse og dei starta med at å laga ei flat pannekake som skulle byggjast opp til eit ansikt. Då dei hadde fått plassert på auge, nase, bollekinn, og hake og laga augebryn og munn på den tjukke pannekaka, fortalde Nygård at dei skulle øydeleggja det ansiktet dei hadde laga. Mange elevar og lærarar vart temmeleg overraska. Kvifor skulle ein riva sund det som var laga ? Auge, nase, bollekinn og hake skulle dei plukka av og leggja til sides. Resten skulle knaast saman til ei stor kule.

No veit de kva som skal vera i eit ansikt så no kan me laga dokkehovudet, seier Nygård. Ta kula og press inn ein papirring som passar til pekefingeren så set me på plass nasen og dei andre tinga me laga tidlegare, fortel han vidare. Plutseleg var hovuda komplette med alt som skulle vera der.

Til slutt vart ansikta malte, og så skulle dei tørka i komfyren i tre døgn før dei var ferdig.

Etter ei lang økt utan matpause og storfriminutt var gjengen trøtte og svoltne, men likevel nøgde med det dei fekk vera med på.

Fjerdeklassingane skal i ettertid laga dokkene ferdig, og målet er å laga dokketeater for seg sjølv og andre.