Tirsdag 17. Juli 2018


Folkevandring til Kyrkjevatnet

Det var reine folkevandringa til Kyrkjevatnet i dag då mellomtrinnet ved Rimbareid skule hadde fjelldag.

Alle elevane i 5., 6. og 7. klasse hadde felles fjelltur denne flotte haustdagen. Sjølv om sola heldt på å koma opp då elevane starta på turen frå skulen, var det kaldt i lufta, og ved botnen av Fitjarstølane var bakkane kvite av rim. Men med godt tempo tok det ikkje lange stunda før elevane fekk opp varmen og måtte letta på antrekket. Stemninga var god, og det såg ut til at både elevar og lærarar naut å vera ute på tur. Etter at dei tok av frå asfaltvegen, gjekk det bratt opp gjennom skogen, men då ein kom opp på flaten over skoggrensa og vart møtt av eit fjell på veg inn i haustskrud, speglblanke vatn og utsikt over halve Fitjar, til Austevoll og til Brandasund, ja endå heilt ut til havet, då var det verdt slitet, sa mange av elevane. Utsikten gav ny energi og turen vidare gjekk  i flatare og lettare terreng.

Viktigare enn at dei raskaste fjellgeitene nådde målet ved Kyrkejvatnet på ein liten skuletime, var det at absolutt alle nådde målet, og kunne ta del i den sigeren. Vatnet låg der som ei stor speglflata og lokka til ein lang pause i lyngen eller på berga. Jentene i 7. klasse hadde litt ekstra vekt i sekken og sørgde for at det var nok ved til tre pølsebål ved Kyrkjevatnet.

På trass av fint ver var det ganske bløtt i terrenget, og stien var både våt, gjørmete og sleip, og fleire av både elevane og lærarane gjekk heim med våte sko. Om stien var gjørmete før denne folkevandringa starta kan ein jo førestella seg korleis den ser ut etter at nærare 120 elevar har gått opp og ned på den same stien. Den er nok godt tydeleg no. Når ein ser vekk frå dei våte skoa, nokre våte bukser, nokre gnagsår og kanskje nokre ømme musklar i morgon, så gjekk alt bra.

Lærarane sa på førehand at dei satsa på ein fin dag og ein kjekk tur, og med eit raskt blikk på smilet deira og smilet og praten til elevane kan ein konstatera at dette var ein svært vellukka fjelldag. Kanskje vart nokre og inspirert til å ta med seg familien og visa dei Kyrkejvatnet. Stien finn ein nord i  Fitjarstølane, nesten heilt øvst i Øksabrekko. Og skulle du ta turen og der finna ei dameklokka på di vandring gjennom skogen, vert eigaren svært takksam om du tek kontakt på telefon 975 28 001.

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse
annonse

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse