Ute-bordtennisbord til Øvrebygda skule

Øvrebygda skule har fått eit flunkande nytt ute-bordtennisbord på skulen. Bordet vart opna og teke i bruk i føremiddag.

Øvrebygda er ein av fleire skular her på øya som har fått eit slikt bord i år. Norges bordtennisforbund søkte om midlar frå Sparebankstiftinga DnBNOR i fjor. Atle Irgens frå Stord bordtennisklubb, som var med på opninga på Øvrebygda, fortel at forbundet søkte om 1,2 millionar kroner for å kunne plassera 80 ute-bordtennisbord på skular rundt om i landet. Bankstiftinga syntes dette var ein så god ide at dei like godt bevilga heile 3 millionar til dette prosjektet.

Intensjonen med å plassera ute-bordtennisbord på skular er m.a. å aktivisera elevane på barneskulane meir, samstundes som dei håpar på auke rekruttering til bordtennisklubbar i nærleiken. I utganspunktet kunne små klubbar få eit bord og store klubbar fem bord. Då den lokale bordtennisklubben på Stord søkte i fjor fekk dei tildelt heile seks bord, som er plassert på fem skular på Stord og ein på Bømlo. Då klubben i år fekk nyss om at det fortsett var fleire utebord igjen søkte dei om tre nye bord. Dei fekk positivt svar, og no er borda plassert på Litlabø og Langeland skule på Stord, og sist men ikkje minst på Øvrebygda skule i Fitjar.

I tillegg til desse ni borda fekk ein via bordtennisgruppa i Fitjar idrettslag og til eit bord på ungdomsskulen på Rimbareid, slik Fitjarposten har skrive om tidlegare.

Irgens fortel vidare at borda har vore ein kjempesuksess på stort sett alle skulane og det brukar vera stor kø for å spela, slik det og var under opninga på Øvrebygda i dag.  Planen er å arrangera skulemeisterskap seinare i haust, og å få til meir bordtennis i skuletida. Irgens fortel at dei i fjor var innom tre skular der dei var med i gymnastikktimar for å instruera i bordtennis.

Då Fitjarposten var ein snartur innom Øvrebygda skule under opninga var det ei lydhøyr forsamling av 3., 4. og 7. klassingar som såg på då Atle Irgens og Håvard Markhus innvia bordet og instruerte litt i bordtennis. Elevane var heller ikkje seine å be då dei fekk tilbod om å prøva dei nye borda med eigne uteracketar. Alle ville prøva.  For nokre var dette heilt nytt, andre hadde spelt ein del inne-bordtennis tidlegare. "Eg vett kossen du skrur!", sa ein av dei største gutane før han fekk prøva seg mot den eine erfarne instruktøren frå Stord. Det gjekk ikkje verre enn at han fekk skryt for slaget sitt. "Da va imponerande" utbraut Atle Irgens etterpå. Skulen har fått fleire ballar og bordtennisracketar, men berre eitt bord, og Håvard Markhus frå Stord bordtennisklubb synte korleis ein kan engasjera fleire med bordtennis samstundes, før det var den andre halvdelen av skulen sin tur til å ta det nye ute-bordtennisbordet i bruk.