Las 10 000 sider

Gjengen i 4. klasse på Rimbareid barne- og ungdomsskule las til saman over 10 000 sider i sommarferien.

Det var ein glad rektor som troppa opp i klasserommet til 4. klasse på Rimbareid skule. I handa hadde han 20 lesediplom som han skulle dela ut. Før sommarferien fekk elevane, som då gjekk i 3. klasse, utfordringa om å lesa eit visst tal sider. Dersom dei hadde lese nok skulle dei få diplom etter ferien. Den leseglade gjengen overraska både lærarar og andre då dei etter ferieslutt kom tilbake og viste kor mykje dei hadde lese. Mange av elevane hadde lese mykje meir enn dei trong for å få diplom. Då ein summerte alle sidene kom ein til over ti tusen. Den ivrigaste eleven, Sveinung Myhre, hadde lese heile 3361 sider. Rektor, som hadde rekna ut at han sjølv berre hadde fått lese omtrent 820 sider, var sjølvsagt veldig imponert.