Fitjarelevar på Mostraspelet

6a og 6b ved Rimbareid skule og 5.-7. klasse ved Sælevik skule var på Mostraspelet fredag 4. juni.

Fitjarelevane deltok på den første skuleframsyninga av Kristkongane på Moster saman med hundrevis av andre skuleelevar. Det var ein nydeleg dag med solskin, perfekt ver for teaterframsyning på utescenen i Moster amfi på Bømlo.

Kristkongane på Moster er eit kjærleiksdrama frå vikingtida. Stykket handlar om tida då Olav Trygvason og Olav Haraldson var kongar og ynskte å kristna landet og folket her, og om møtet mellom gamal og ny tru.

Fleire kjende skodespelarar var med, slik som Nils Ole Oftebro som Tangebrand, mannen som vart sett til prest ved den kyrkja som skulle reisast på Moster. Sigurd Sele spelte Torolv frå Grindheim som var kjær i den vakre Vigdis og som vart lyst fredlaus av di han ikkje ville vedkjenna seg den nye trua. Med i stykket var og Olmod frå Fitjar som me kjenner frå fitjarspelet Kongen med gullhjelmen.

Fitjar-elevane oppførde seg eksemplarisk og såg ut til å kosa seg på spelet som varde i over to timar. Dei fylgde godt med, med store auger under kampscener og høg latter ved humoristiske innslag som blant anna Gunnbjørg Gamle stod for.

Om elevane klarde å leva seg like godt inn i kjærleiksdramaet er litt uvist, men dei let uansett vel over framsyninga då dei gjekk frå amfiet for å ta bussen heim att til Fitjar.