Historisk sus over 150 års-dagen

Fitjar kommune 150 år. Feiring i gjestgjevarstaden på Færøysund. I går gjekk politikk og kystkultur hand i hand under jubileumsfeiringa.

Færøysund har sin eigen, rike historie. Og så er det jo òg plassen der det første kommunestyremøtet vart halde for 150 år sidan, 5. mai 1860. Fleire av kommunestyremedlemane og aktørane hadde kledd seg i i kle som understrekte jubileet, og Magnar Kloster gav til beste eit spennande historisk tilbakeblikk.

Av tilbakemeldingane me har fått heldt  Frank Aarebot eit foredrag der han mellom anna utfordra Fitjar til å friviljug slå seg saman med Bømlo og Stord til ein større kommune, før ein vert eventuelt tvunge til det. Dei som var til stades gjev han høg honnør for foredraget, men ikkje like høgt terningkast for klesbunaden hans.

På det første kommunestyremøte hadde ein oppe fire saker. Tre handla om kyrkja, ein om saql av brennevin. i går var det oppe ei sak om utvida skjenkeløyve i samband med Fitjarfestivalen. Ei sak som fekk fleirtal, om ikkje einstemmig. Om det vert skjenkeløyve i samband med arrangementet på Smedholmen, er enno ikkje avgjort.