Lam som hovudattraksjon

Det er mykje spennande å vera med på i Fjellheim friluftsbarnehage i Øvrebygda. No om dagen er det likevel ingen ting som fengjer barna meir enn dei nyfødde lamma.

– Til no har me fått fire, smiler styrar Anne Karin Nilsen, og legg til at dei ventar fleire. Elles er det våren og alt som skjer i naturen som er temaet i friluftsbarnehagen no om dagen.

Som det ligg i namnet er dette ein barnehage der det meste handlar om uteaktivitetar. Og ute er dei stort sett frå klokka 9:30 og resten av dagen.

I den naturskjønne barnehagen finn me ein spennande, permanent lavvo. I tillegg har dei òg ein lavvo i skogen og ein gamme som dei kan setja opp når dei ønskjer det. Og det ønskjer dei rett som det er.

All uteaktiviteten gjer ungane spreke. Turar både til Sørlivatnet og Botnavatnet høyrer med i turprogrammet deira. Om det har vore mykje snø i vinter, vart dei heller ikkje lei den. -Det førte berre til mange kjempekjekke vinteraktivitetar, let det til slutt.

Elias Koløen Gravdal og Jonas Forland kosar seg i sanden. Foto: Håkon C. Hartvedt

Elias Koløen Gravdal og Jonas Forland kosar seg i sanden. Foto: Håkon C. Hartvedt

Gøy å frisere. Tomine Helland, Tuva Grimen og Linnea Kleppa Nordbustad syner sine kunstar på Vivian Hollund. Foto: Håkon C. Hartvedt

Gøy å frisere. Tomine Helland, Tuva Grimen og Linnea Kleppa Nordbustad syner sine kunstar på Vivian Hollund. Foto: Håkon C. Hartvedt

Heile gjengen foran den flotte, permanente lavvoen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Heile gjengen foran den flotte, permanente lavvoen. Foto: Håkon C. Hartvedt