Med Håkon den Gode som tema

I januar og februar hadde avdelinga ”Gaukareiret” i Fitjarstølane barnehage ”Håkon den Gode” som tema.
– Både små og store har lært mykje av prosjektet, fortel Mona Kristin Tufteland til Fitjarposten.

Barna har funne fakta på internett, studert Håkonarstøtta i parken, vore ved kongsbrønnen, hatt besøk av Bjørn Haaland og Torhild Andersen frå Håkonarspelet, intervjua folk på Fitjar, laga tekstar og teikningar, laga skjold og sverd – og sist, men ikkje minst: Dei har vore på vikingferd og funne vikingskattar.
 
Fleire å takka
I samband med prosjektet vil dei sende stor takk til Bjørn og Torhild som viste klede frå vikingtida og fortalte om Håkonarspelet og Håkon den Gode.
– Tusen takk òg til Engevik & Tislevoll ved Magne Johannes for material til skjold og sverd, og til Alf Magne Tufteland for utforming. Takk til dei me fekk intervjua om Håkon den Gode, seier barn og leirarar i Fitjarstølane barnehage, til slutt.

Angelica og Lorentze i kamp.
Angelica og Lorentze i kamp.
Gruppe 1 og 2 på vikingferd.
Gruppe 1 og 2 på vikingferd.
Sigmund Mikal, Isabel og Johannes.
Sigmund Mikal, Isabel og Johannes.
Joakim får prøva gullhjelmen.
Joakim får prøva gullhjelmen.

 

Denne artikkelen er publisert i papirutgåva av Fitjarposten (04.2010)