Onsdag 25. April 2018


-No må noko gjerast

Orda kjem frå mange av dei som opplever kaoset i Sjøsbrekko og ved gymsalen ved Rimbareid skule kvar morgon. No er dei redd for at det skal skje ei ulukke.

-Saka er at når 50-60 bilar med foreldre som køyrar elevar skal opp denne bakken i løpet av eit kvarter, blir det kaos. Skuleskyssane vert hindra, og no på glatten er det direkte farleg, heiter det.

Rimbareid skule har tidlegare sendt ut melding med oppmoding til foreldra om å ikkje køyre barna heilt opp på skulen, men sette dei av på parkeringsplassen i sentrum, slik at dei kan gå opp til skulen derifrå. -Og no vil rektor gjera det igjen, opplyser Torhild Andersen ved skulen.

Denne oppmodinga vert støtta av lensmann Svein Lunde som understrekar at dette er noko har har sagt i alle år. Både forholda i Sjøsbrekko og ved gymsalen der ungane spring ut mellom bussar og bilar er farlege. -Det er mykje betre at foreldre set av fem minutt ekstra tid om morgonen, og let barna gå opp.

Leiar av foreldrerådet sitt arbeidsutval, Marianne Aarbø, skjønar heller ikkje at det skal vera naudsynt å skyssa elevane heilt opp til gymsalen. -Me har alle godt av å gå litt, borna òg, seier ho, og synest at det er berre positivt at dei får trimmen det er å gå frå parkeringsplassen til skulen.

No må det òg seiast at dei siste dagane når fitjarposten.no har observert situasjonen, har det vore noko betre. Det trur me kjem av at bussane har komne rundt 8:30. Føret og vêret har då òg vore bra. Det er når vêret er dårleg at dei verkeleg farlege situasjonane oppstår. Då hender det at bussane vert noko forseinka, og det er òg fleire foreldre som køyrer borna til skulen då.

Me vil difor støtta oppfordringa frå både skulen, foreldrerådsleiaren og lensmannen om å setja borna av ved parkeringsplassen i sentrum. Me kan ikkje sjå anna enn at borna har godt av både litt vêr og trimmen det er å gå opp Sjøsbrekko.

 

Desse vann på basaren til Fitjar bu- og …

24.04.2018 Pressemelding

Desse vann basaren til Fitjar bu- og behandlingssenter Den årlige basaren til inntekt for trivselstiltsk for bebuarane på FBB, gjekk av stabelen onsdag 21.mars.

Les meir ...

Helland CNC: Topp utstyr og print som li…

24.04.2018 Kjetil Rydland

Stian Helland har topp utstyr; her tar han inn eit bilete i datamaskinen sin og gjer det klart til utskrift på den store UV-printeren. Foto: Kjetil Rydland.  Helland CNC: Topp utstyr...

Les meir ...

Temakveld i kyrkja om skam, skuld og opp…

23.04.2018 Kjetil Rydland

Unndis Bergås, psykolog og tidlegare misjonær.  Temakveld i kyrkja om skam, skuld og oppreising Førstkomande torsdag er det igjen temakveld i Fitjar kyrkje, den siste i vår. Denne gongen er det psykolog...

Les meir ...
annonse

Strandabasaren lever!

23.04.2018 Kjetil Rydland

Driftige misjonskvinner driv Strandabasaren vidare, f.v. Bodil Nesse, Tordis Eide, Else Hovland og Reidun Børtveit. Foto: Håkon C. Hartvedt.  Strandabasaren lever! Tradisjonen tru fylte Strandabasaren laurdag ettermiddag bedehuset nesten til siste plass, og stemninga...

Les meir ...

Fitjarbuen må betale 1800 meir for breib…

23.04.2018 Jonas Sætre

Fitjarbuen må betale 1800 meir for breiband enn dei som bur sør på øya Spreidt busetnad gjer at fiberbreiband frå Fitjar Kraftlag er langt dyrare enn for dei som får breibandet gjennom...

Les meir ...

Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bøml…

22.04.2018 Kjetil Rydland

Knut Vik frå Fitjar Skyttarlag fekk gleda av å dela ut premiane til Lars Sigurd Tufteland og Eirik Fitjar.  Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bømlo Sju skyttarar frå Fitjar Skyttarlag deltok på Hordastemnet felt, som...

Les meir ...
annonse

annonse