Måndag 23. April 2018


Lagar kalendrar for å hjelpa andre

Sandra Pedersen i 6. klasse ved Rimbareid skule har i fleire år laga kalendrar som ho har selt til inntekt for ulike hjelpeorganisasjonar.

Det var ein av lærarane til Sandra, Svanhild Kloster, som kom med ideen om å laga kalendrar på denne måten, og Sandra tende på ideen med det same.

- Eigentleg så sa Svanhild det til meg og ei anna at me kunne gjera det, men så vart det berre eg som gjorde det. Det er ca. 3 år sidan, fortel Sandra som går i 6 b. Ho likar veldig godt å teikna og farga, og seier med eit smil at ho held på med det nesten heile tida.

Sandra har stort sett jobba med kalendrane heime. Læraren har laga til datoane på data, så har Sandra teikna ein teikning for kvar månad, før læraren og pappaen har hjelpt til med kopiering og innbinding.

11 år gamle Sandra går i ein klasse som har vore svært opptekne av å hjelpa andre. Heilt sidan første klasse har dei samla inn pengar til ulike hjelpeorganisasjonar på forskjellig vis. Denne klassen har og fleire år hatt ein alternativ, eller omvendt,  adventskalender der dei har gitt pengar i staden for å få noko.

Kvar haust har dei kafè, til inntekt for tv-aksjonen, Unicef eller andre hjelpeorganisasjonar. I samband med dette har Sandra laga til bestillingslister for kalendrar. Mange foreldre som har vore innom kafeen har bestilt, og mange lærarar har satt seg på lista. Prisen har vore 100,- pr stk og Sandra har hatt eit opplag på rundt 15 kalendrar kvart år, og alle pengane har blitt sendt uavkorta til Unicef eller den organisasjonen som klassen har valt å ha kafè til inntekt for dette året.

Sandra kan aldri hugsa at dei har fått noko respons i form av takk eller ros for pengane dei har sendt inn. Men ein del mediemerksemd har dei fått, og med dette ynskjer i alle fall me å takka både Sandra og resten av klassen for deira engasjement for andre som treng hjelp.

Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...
annonse

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...
annonse

Kansellerte ferjeavgangar

22.04.2018 Kjetil Rydland

– Så lang ferjekø har eg aldri sett før Ferjekøen sørover strekte seg mange kilometer søndag. Foto: tipsar Mange innstilte avgangar kombinert med stor helgetrafikk har skapt svært lange ferjekøar mot Sandvikvåg...

Les meir ...
annonse