Fargerikt karneval

Klasse 6a og 6b på Rimbareid skule hadde eit fargerikt og kjekt karneval på musikksalen i dei to siste timane i dag.

Då det ringte inn til 4. time vart det stor aktivitet ved musikksalen og lang kø på toaletta då rundt 40 11-åringar skulle gjera seg klare til karneval.

På  musikksalen var det ein merkeleg mann med mørke briller og ei indianerjenta som tok imot alle dei fargerike personane som kom. Her var det romvesen, ein god del babyar, eit arabisk spøkelse med slips, gutar på høge helar, julenisse, forskjellige nerdar, ein klovn, mange "trøtte tryner" i nattkle, spionar, cowboyar, ein hund, ei prinsessa og endå fleire.

Det vart sunge ein sambasong i kanon så taket nesten letta og det vart gått ein flott og variert polenese til marsjmusikk frå cd-spelaren. Fleire hadde venta på å få dansa limbo, som vil seia at ein skal dansa under ein stav, og prøva å klara det utan å detta eller koma borti staven. Mange prøvde seg, men det var kun 4 stykker som klarde det perfekt. Indianerjenta hadde og med seg ein pinjata som det skulle slåast hol på.  Det måtte mange slag til, men til slutt opna pakken seg og det spruta karamellar utover heile musikksalen.

Det var kontaktlærarane Gunn Evy Nilsen Haaland og Grethe Grimen som hadde planlagt karnevalet, men det var elevane sjølv som stemde fram dei beste kostyma, som gjekk til Michael Jackson og ein gut, eller var det ei jenta, frå Oslo.  Timane fauk avgårde og brått var skuledagen over. Ein kjekk skuledag med ei avslutting langt utanom det vanlege.

Ein
Ein "break-dansar" syner kva han kan.

Klar for polenese.
Klar for polenese.

Ein som er godt sikra går laus på Pinjataen med alle krefter.
Ein som er godt sikra går laus på Pinjataen med alle krefter.

Til slutt måtte pinjataen gje etter for slaget til den hemmelege spionen, og godteriet spruta til alle kantar.
Til slutt måtte pinjataen gje etter for slaget til den hemmelege spionen, og godteriet spruta til alle kantar.

Denne ku-jenta var ein av fire som klarde å dansa seg under Limbo-pinnen.
Denne ku-jenta var ein av fire som klarde å dansa seg under Limbo-pinnen.

Ein mann med god smak står for premieutdelinga til Michael Jackson og ein pen fyr frå Oslo med kle frå Frankrike.
Ein mann med god smak står for premieutdelinga til Michael Jackson og ein pen fyr frå Oslo med kle frå Frankrike.

Ein matte-nerd blant andre spennande folk.
Ein matte-nerd blant andre spennande folk.

Klasse 6a og 6b er ein fargerik gjeng.
Klasse 6a og 6b er ein fargerik gjeng.