Skidag og fjelltur for 5.-7.klasse ved Rimbareid skule

Måndag 8.februar blei det arrangert skidag i løypene på Vestbøstad og fjelltur til Sørlivatnet for 5.-7.klasse ved Rimbareid skule.

Dei fleste valgte å vera i løypene på Vestbøstad der dei kunne prøva seg på ulike aktivitetar som slalom, utfor, skihopp og skirenn på tid.  Mange elevar har i løpet av vinteren blitt mykje betre på ski og det var stor innsats på dei ulike aktivitetane.

Nok ein gong ros til Nils Vestbøstad som stilte med bålgryte og grill, slik at ein kunne grilla seg pølser til lunsj.

Nokre elevar ville ha ei ekstra utfordring og meldte seg på fjellturen til Sørlivatnet.  Det hadde frose på natt til måndag og det harde føret gav utfordringar på oppturen, men  med godt humør og stort pågangsmot  kom dei seg opp bratte bakkar på bakglatte ski.   Alle nådde målet og ved Sørlivatnet var det tid for ein god matpause rundt bålet .  4 elevar gjekk vidare rundt Melen. Sprekt!

Det harde føret gjorde nedturen litt utfordrande og mange ”grugledde” seg til å køyra ned igjen.  Det blei litt knall og fall, med lyden av hyl og latter om ein annan i bakkane ned mot Dalshaugane.

Tusen takk til alltid positive foreldre som stilte opp med køyring til og frå Dalshaugane.

Til slutt må ein få takka Vidar Grimen som stilte med tilhengar og henta og bringa alle  skipara både til Vestbøstad og Dalshaugane.