Fjellheim Friluftsbarnehage på tur

Tysdag 9. februar var Fjellheim Friluftsbarnehage på tur til Nordvegen Historiesenter.

Med fire bilar og 17 barn fødd i 2005 og 2004 tok me turen til Nordvegen Historiesenter på Karmøy/Avaldsnes for å ”fiska Midgarsormen”.  

Me vart tatt godt i mot av Cathrine Glette. Ho fortalte om Tor som fiska Midgarsormen og ho tok oss med rundt på utstillinga og fortalte om vikingane. Vikingane på Avaldsnes var for det meste bønder og jaktmenn, ikkje så mange av dei var krigarar.

Som biletet viser så ligg Historiesenteret under bakken, ute ved fjorden like ved Avldsnes kyrkje. I gangavstand ligg Vikinggarden som me har lyst til å besøka 11 eller 12 juni.

Takk for ein flott tur og ei flott oppleving!
Helsing Gro, Merethe, Vivian og Kine ;)