Fullt liv i Hakkebakkeskogen

Etter mange timar med øving kunne endeleg 5. klasse ved Rimbareid barneskule visa fram teaterstykket "Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen".

Både skodespelarane og andre innvolverte i teaterframsyninga fortener ros for ei  varm, morosom og vakker framsyning, og fekk kvar si rose etter endt framsyning 3. februar.

Fleire av dei unge jentene og gutane viste stort skodespelartalent med flott innleving i rolla. Me må særleg nemna Oda Rydland alias Klatremus og Hedda Kjerland Kongestøl som var Bestemor Skogmus. Dei hadde god stemmebruk og song flott. Eg er og imponert over at alle elevane hadde fått ei rolle som dei koste seg i. 

Det var og tydeleg at det var jobba mykje med regien. Det var god flyt mellom dei ulike scenene og heile stykket vart bunden saman av dei to forteljarane Olai Tronshaug Bergsvik og Andreas Vik. Finalen var ein livleg bursdagsfest for Bamsefar som fylte femti år. Her var det stormande jubel med song, dans,  vaiande flagg og ikkje minst ein flott tale av Elgen, spela av Mats H. Rasmussen.

Historia frå Hakkebakkeskogen, som er skrive av Torbjørn Egner og utgitt første gong i 1955, er fortsatt aktuell med sitt gode bodskap om fred og harmoni. Eit bodskap som nådde godt ut til publikum i gymsalen på Rimbareid skule.

Alle dyrene i Hakkebakkeskogen.
Alle dyrene i Hakkebakkeskogen.