Is-kunst ved Sælevik skule

Fredag sist veke laga 1.-2. klasse ved Sælevik skule kunst av is.

Me  fylte opp juice- og mjølkekartongar, koppar og kar med vatn, og sette det ut i kulda. Elevane tykte det var spanande å sjå korleis vatnet hadde endra seg til store isblokker over natta. Det var litt arbeid å få isblokkene ut av kartongane, men med hjelp gjekk det greit. Me blanda snø og vatn til ei fin sørpe. Dette var ”sementen” som skulle helda isblokkene saman, og så var det berre å setja i gong med å byggja.

Elevane storkosa seg. Ein gut meinte dette var den kjekkaste dagen han hadde hatt på skulen!

Det vart bygd både hus med svømmebasseng, og eit is-slott.

Til slutt brukte me vannmaling til å pynta med. No håpar me at is-kunsten vår får stå lenge (altså at kulda varer).

Helsing 1.-2. klasse ved Sælevik skule

v/Elisabeth Kjærland og Heidi H. Berg

Foto: Sælevik skule
Foto: Sælevik skule