Rimbareidrennet 2010

For andre året på rad hadde småskulen på Rimbareid skirenn. Nytt av året var flotte skispor.

Lars Vestbøstad stilte med traktor og sporsetter kvelden før og laga kjempefin løype på Rimbareid. Løypene som ligg på bakkane på austsida av skulen, bør sjølvsagt nyttast av flest mogleg. Dersom du vil ha ei kort løype med litt flatt og nokre enkle bakkar er det berre å ta turen til Rimbareid. Delar av løypa er opplyst av dei nye gatelysa i Sjøsbrekko. Ein runde er omtrent 950m og gir fin utfordring for alle aldrar.

Løypa var laga for 2. til 4. klasse som skulle ha skirenn torsdag 7.januar. I det nydelege vêret og med spennande løypa, stilte 60 glade, unge og livlege ungar i skiutstyr. Det var klar for Rimbareidrennet 2010, som skirennet blei kallar.

Med 60 startande måtte me dela opp skiløparane i fire puljer.  Dei fekk startnummer på seg og gjekk ein runde på tid. Etter at dei hadde gått runda si skulle dei kasta 5 poteter i bøtte. Dersom dei fekk alle potetene i bøtta fekk dei ingen ekstratid, men for kvar bom fekk dei 15 sekundar tillegg på tida.

Dei som har gått mykje på ski gjekk veldig fort i sporet, og den raskaste tida var litt over 5 minutt.

Det var mange som imponerte i skisporet, og eg vil særleg nemna dei som ikkje var vane med å gå på ski som stilte til start,  fullførte og var glade og nøgde med det. 

Det vart diplom til alle deltakarane og medalje (medaljediplom) til dei tre beste på kvart trinn.

Ein glad gjeng.
Ein glad gjeng.