Ei glede for heile folket

Flotte skodespelar-prestasjonar og songprestasjonar gjorde framføringa av syngespelet "En glede for hele folket" til ei stor oppleving for foreldre, søsken og andre frammøtte i gymsalen på Rimbareid skule i kveld.

Det er 7. klasse ved Rimbareid skule som har øvd inn jule-syngespelet som er skrive av komponist og lærar Alf Georg Østebrøt frå Egersund. Dette er den 11. gongen at dette julespelet vert sett opp av elevar ved skulen på Fitjar.

Alle dei 24 elevane i 7. klasse deltok i spelet, anten som skodespelarar, koristar eller lydmedarbeidar. Klassen har øvd på spelet i mange veker, og synte ei perfekt framsyning for bygdefolket denne ettermiddagen.

Hovudrolleinnehaverane Judith Emelie Hageberg som Maria og Mathias Skålevik Koløen som Josef kom svært godt frå det. Då engelen Sjur Rydland kom på besøk til Maria og Josef og song stødig med si klokkeklare røyst var det reint som me fekk frysningar på ryggen, så flott var det. Publikum sat stort sett andektig og såg og lytta, men måtte le høgt over høggravide Maria sin kommentar om at det er typisk av keisaren å telja oss akkurat no. Gjetarane Joakim Hellen Strand, Linn Kathrin Gloppen, Aslaug Karine F. Ottestad, Susanne T. Aarbø, Tonje Gerhardsen og Mari Camilla S. Kloster dansa for å halda varmen om natta. To av gjetarane: Aslaug og Mari Camilla song flotte soloparti i songen om at dei passar på sauene sine. Den fødde skodespelaren Adrian Mehammer fekk og fram latteren hos publikum med sin morgongymnastikk, og alle dei tre vismennene, både Adrian og Ingvild Prestbø og Monica Helland imponerte med svært flott song. Dei fekk og spontan applaus midt i syngespelet for si framføring av songen "Tre vise menn." Eit av dei meir morsomme innslaga i spelet var kamelen som kom til Betlehem saman med vismennene. Både utropar Sverre F. Brekke og Vertshuseigar Jone Træet viste og at dei meistra rollene sine godt.

Dei som haldt tråden i det heile var forteljar Jonas Heggøy og det flotte julespelkoret. Alt vart perfekt framførd under stødig leiing av lærarane Reidun Heradstveit, Ann Sofie Drønen og Anne Helene Vestbøstad. Lyden vart styrt av Nils Ingmar Dalen og Jarle Traa, og her og gjekk alt heilt knirkfritt.

"Takk for at de har øvd inn dette flotte stykket!", sa nokre i publikum på veg ut, etter at skodespelarar, songarar, lyd-mann og lærarar hadde fått velfortent applaus og blomar.