Grunn til å jubla

3.klasse ved Rimbareid skule arrangerte basar for famile og venner og fekk inn 10416 kroner til Redd barna.

Det er vanleg at klassane på Rimbareid har ein kosekveld i lag med foreldra før jul. Tredje klasse valde ein litt annleis kveld, nemleg basar til inntek for Redd Barna. Niande desember var elevane, foreldre, søsken, besteforeldre og vennar samla i gymsalen. Ungane hadde enkel underhaldning i starten før dei opna for kjøp i kafeen og kjøp av  lodd. Resultatet vart overveldande 10416 kroner, og det var all grunn til å jubla.